Brukar minst på kultur

Selje og Gaular kommunar brukar minst pengar i landet på kultur. Det viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå. Medan kommunane i snitt brukar 2.148 kroner per innbyggjar på kultur i fjor, brukte Selje minst knapt 300 kroner. Bykle i Aust-Agder og Modalen i Hordaland brukte suverent mest, med høvesvis 18.400 og 15.100 kroner.