Hopp til innhold

No står klosteret fram i ny prakt

Tårnet på Selje kloster står no fram i ny prakt, men målet med arbeidet er at det nesten ikkje skal synast!

Selje kloster

GAMAL TEKNIKK: Sementen frå 1800-talet er no bytt ut med kalkmørtel i fugene mellom steinane i tårnet. Det er og sett inn vindauge.

Foto: Riksantikvaren

Det vakre tårnet på klosteret har fått inn vindauge, og sementen i fugene mellom steinane er bytt ut med middelalderen sitt bindemiddel, kalkmørtel.

Målet er at det skal nærast vere usynleg for gjester som kjem til klosterøya i Nordfjord, det skal i staden gje inntrykk av at det er slik no som det var for mange hundre år sidan.

Har brukt millionar

Nær 10 millionar kroner er hittil brukt i eitt av dei største kulturarvprosjekta i Noreg. No har prosjektet nådd eitt av sine delmål.

Selje kloster i 1937

FØR KRIGEN: Selje kloster i 1937.

Foto: Olav Kvaale © Fylkesarkivet

– Det arbeidet som har vore gjort med tårnet no er viktig. Det har jo vore konservert tidlegare, og det var på 1800-talet. Det som er nytt no, som ein har erkjent er at nokon av dei materiala dei brukte, til dømes sement, ikkje har vore heilt heldig, fortel ansvarleg for prosjektet hos Riksantikvaren, Inger-Marie Aicher Olsrud.

Det omfattande arbeidet står norske handverkarar bak, og Olsrud meiner også at arbeidet er viktig for å halde i hevd århundrelange handverkstradisjonar.

– I tillegg til at vi får eit kulturminne som framleis skal stå og framleis vere i bruk, så er jo dette også med på å bidra til kompetansen innan desse gamle handverka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Selja kloster- og helgenanlegg, Selje kloster Ruinprosjektet, Murerseminar mai 2007

HANDVERKSTRADISJON: Odd Rui og Finn Sletten i aksjon med murarbeid på Selja.

Foto: Inger Marie Olsrud

Evig mykje arbeid

No markerer Riksantikvaren saman med Selje kommune og fylkeskommunen at tårnet er ferdig sett i stand for ettertida.

– Vanlegvis så markerer ein jo at eit anlegg er ferdig. Men når det gjeld Selje kloster og nokre av dei andre store anlegga så veit vi at dette er eit evig arbeid, og så langt som vi no kan få lov å tenke inn i prosjektet så er det 2020 som gjeld, fortel Olsrud og smiler.

Svært nøyaktig arbeid

Men det å gå laust på eit arbeid med å konservere eitt av dei aller største og best bevarte middelalderanlegga i Noreg er ikkje berre berre. Arbeidet krev nøysemd, og ein må heile tida tenke på at ein skal fange ein del av historia og ta vare på ho for ettertida.

– Det er jo ei utfordring når det gjeld ruinkonservering, at det er ikkje ein bygning vi konserverer. Snarare så grip vi eit tidsbilete og fryser det. Eigentleg så er det eit forfall som vert fryst. Det er klart at vi må tenke langsiktig og tenke korleis vi skal verne anlegget.

(Artikkelen held fram under biletet)

Selje kloster

SKAL GRANSKE: Heile det store klosterområdet på Selja skal kartleggjast enda meir grundig i åra framover.

Foto: Riksantikvaren

Skal bruke georadar

Eitt av dei neste stega som skal takast på Selja er å kartleggje meir grundig kva som ligg under torva på øya. I følgje segnene skal det liggje ein gullskatt gøymd på Selja, men det er ikkje den arkeologane skal leite etter med georadar og granskingar.

– Det er for å finne eventuelle bygningsspor under. Vi veit at det er spor etter eit gamalt, originalt dreneringssystem. Kunnskap om det som ligg under jorda er veldig viktig i det å ta vare på området. Det skal i utgangspunktet ikkje gravast på Selja, men det er likevel ei viktig oppgåve framover å få kunnskap om kva som finst der nede, sler Olsrud fast.