Hopp til innhold

Brukar hagen sin som campingplass

Året rundt bur Thomas Dalsøren (85) midt på ein campingplass. Berre trea skil han frå turistane.

85 år gamle Thomas Dalsøren bur midt på sin eigen campingplass.

EIT LIV PÅ CAMPING: Saman med faren har Thomas Dalsøren gradvis gjort garden om til ein campingplass. Framleis bur han her, tett opptil turistane. Foto/redigering: Silje Bråstad

I 1952 starta han campingplassen ved Lustrafjorden saman med faren sin. Stabbur, tobakkshus og hønsehus er no blitt til hytter.

– Det var to-tre-fire telt til å begynne med, men så såg vi at det var behov for det og då vart det til at vi gjekk vidare. Og no er det full fart heile dagen, fortel Dalsøren.

Glad i å prate – også på engelsk

Thomas Dalsøren på Dalsøren Campingplass

SOSIAL: Thomas Dalsøren er glad i å prate med gjestane sine.

Foto: Silje Bråstad / NRK

I dag er det han som driv campingplassen, og han tek godt vare på dei besøkjande.

– Mange kjem tilbake fordi vi får så god kontakt. Eg likar å prate med folk og folk likar å prate med meg, seier den blide 85-åringen.

På litt ustø engelsk prøvar han til og med å kommunisere med dei som ikkje snakkar norsk.

– Kona mi er litt meir reservert. Ho seier til meg at «du må ikkje snakke, du som ikkje kan tysk eller engelsk». Men det går veldig fint det. Dei spør meg kor eg har lært det, og då seier eg at eg har lært det på campingen.

– Som ein hage

Også turistane merkar ei annleis stemning på denne campingen samanlikna med andre. For dei er det som å campe i hagen til Dalsøren.

– Den er innretta som ein hage. Med trea og alt er den verkeleg fin. Det er berre ei god stemning her, seier ein dansk gjest.

Dalsøren camping

DALSØREN CAMPING: Ved Lustrafjorden ligg den idylliske campingplassen til Thomas Dalsøren.

Foto: Silje Bråstad / NRK