Hopp til innhold

Brøytebil fekk problem

E16 over Filefjell er no opna igjen etter å ha vore stengt i ein kort periode. Årsaka til stenginga var ein brøytebil som sette seg fast då han skulle snu. Ifølgje Vegtrafikksentralen var det berre ein kort dytt som skulle til for å få brøytebilen opp igjen, og vegen var truleg ikkje stengt meir enn i rundt ti minutt.