Hopp til innhold

Svært misnøgd etter brot i lønsforhandlingane - lovar å gjere livet surt for Hydro

Tysdag vart det brot i dei lokale lønnsforhandlingane for Industri Energis medlemmer som er tilsette i Hydro.

Billy Fredagsvik.

FORBANNA: Tillitsvald ved Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening, Billy Fredagsvik, er svært provosert over tilbodet frå Hydro.

Foto: NRK

– Det gjekk veldig dårleg, då leiinga gav oss eit veldig lågt tilbod. Vi hadde sett krav om snittet av industriarbeidarlønn som grunnlag, og det sa dei nei til. Då var det ikkje meir å forhandle om, seier Fredagsvik.

Han meiner at dei tillitsvalde i Hydro dei siste åra har vore svært sparsomme i sine krav, som følgje av bedriftas konkurransesituasjon.

Meiner dei har lege lågt

Under årets forhandlingar sette dei tillitsvalde i Industri Energi i Hydro fram krav om ei lønnsregulering på nivå med forhandlingsresultatet i frontfaga, tilsvarande 3,3 prosent.

– Vi har i fem år lege veldig lågt, faktisk på to-prosenttalet. Vi følte no at sidan leiinga har teke ut så store lønsaukar, både gjennom løn, opsjonar og aksjekjøp, så tykte vi at også den vanlege arbeidar fortente snittet av det som årleg vert betalt ut i lønsoppgjera, seier Fredagsvik.

Han legg til at tilbodet frå leiinga var så lågt at dei tillitsvalde ikkje kunne akseptere det.

– Tilbodet frå leiinga var langt frå 3,3 prosent, seier Fredagsvik.

Vil det skal svi for Hydro

Ved verket i Årdal er det mellom 470 og 480 medlemmer, medan det i Høyanger er vel 100.

– No skal dei andre forhandle denne veka, men slik det ser ut no, vil det verte brot der også. Då vil det gå ut over alle som jobbar ved Hydro i Sogn og Fjordane, seier Fredagsvik.

Sidan dette er lokale lønsforhandlingar, er det ikkje snakk om nokon streikerett. Men Fredagsvik er klar på at bedrifta vil merke misnøya.

– Vi har ein del vi kan spele på, og det kjem vi til å gjere. Det skal svi litt for Hydro at dei legg opp til eit opplegg som gjer at det vert brot for oss, seier Fredagsvik.

– Vi snakkar om å følgje regelverket til punkt og prikke. Og då kan det verte litt vanskeleg å drifte over heile linja, seier Fredagsvik.

Han legg ikkje skjul på at han er skuffa.

Vegen vidare er opp til leiinga

– Vi er svært skuffa og det har vi gitt klar beskjed om. Vi ser at dei tek ut stort utbyte sjølve, samtidig som dei manar til moderasjon for oss. Det gjer oss forbanna, seier Fredagsvik.

– No er det opp til leiinga korleis dei vil handtere dette vidare. Dei kan betale ut det siste tilbodet dei gav oss, og så får vi gjere livet litt vanskeleg for dei, seier Fredagsvik.

Informasjonssjef Erik Brynhildsbakken i Hydro stadfestar at partane ikkje kom til semje under dagens forhandlingar.

– Eg kan stadfeste at selskapet ikkje har komme til semje med Industri Energi ved årets lokale forhandlingar. Bakgrunnen for dette er at selskapet har hatt ei moderat lønnsutvikling dei siste åra, seier informasjonssjef i Hydro, Erik Brynhildsbakken.

Kunne ikkje forsvare høgare oppgjer

Han seier dette har hatt ein samanheng med behovet for å halde oppe konkurransekraft i ein globalt aluminiumsmarknad med låg inntening for industrien generelt og i Europa spesielt.

– Dei tillitsvalde har vore ein viktig bidragsytar i denne moderasjonslinja. Men lønsemda ved våre norske aluminiumsverk er generelt svak, og difor såg ikkje selskapet noko moglegheit til å kunne forsvare eit høgare lønnsoppgjer enn det vi har hatt dei siste tre-fire åra, seier Brynhildsbakken.

Han ønskjer ikkje å uttale seg om kor stort tilbodet var frå selskapet.

– Vi ønskte å vidareføre ei moderasjonslinje, også ved årets oppgjer, seier Brynhildsbakken.

– Dei tillitsvalde meiner at konsernleiinga i same periode har teke ut store lønnstillegg, bonusar og aksjeordningar. Kva er din kommentar til det?

– Generelt har vi hatt ei moderasjonslinje ved Hydro dei siste åra, og eg ønskjer ikkje å kommentere kommentaren frå fagrørsla, seier Brynhildsbakken.