Hopp til innhold

Brosvik nøgd med oppvaskmøte

Ordførar Trude Brosvik er nøgd med dagens oppvaskmøte i Gulen.

Gulen-ordførar krev svar i dagens krisemøte om eksplosjonen i Sløvåg.

Gulen-ordførar krev svar i dagens krisemøte om eksplosjonen i Sløvåg.

Foto: MMS- Terje Gilleshammer / NRK

- Eg tykkjer at vi har fått mange gode svar. Så står sjølvsagt noko att, det ventar vi få svar på ganske raskt, seier Trude Brosvik.

Avdramatiserer situasjon

Brosvik kalla inn Statens Forureiningstilsyn (SFT), Mattilsynet, Folkehelseinstituttet, Fylkeslegen og Vest Tank på teppet for å få klarlagt situasjonen etter eksplosjonen i Sløvåg for ein månad sidan. Ordføraren meiner at det ikkje er noko som gjer at innbyggjarane skal uroe seg.

- Det vi fekk i frå folkehelseinstituttet avdramatiserer situasjonen. Det som er viktig no er å få på på plass og få sett på svar på prøvane, seier ho.

Vurderer dokumentasjon

Seksjonssjef i SFT, Bjørn Bjørnstad, seier at kommunehelsetenesta og folkehelseinstituttet i samarbeid skal sjå på og vurdere om luktstoffa i seg sjølv er nok til å forklare helseplagene i kommunen. SFT har på si side fått om hende mykje ny dokumentasjon frå Vest Tank.

- Vi har fått omfattande dokumentasjon frå verksemda i dag og fått tilsendt ein del på epost i natt. Dei har frist til i morgon å rapportere det SFT har spurt om. Dette vil SFT vurdere i løpet av veka og komme med tilbakemelding i løpet av veka om dette er godt nok, seier han.