Hopp til innhold

BREMANGER: – Vi må berre takke innbyggjarane

Arbeidarpartiet er største parti i Bremanger, og lokallagsleiaren kjenner seg trygg på at det blir Espen Sortevik som blir ordførar dei neste fire åra.

Espen Sortevik

ORDFØRARKANDIDAT: Espen Sortevik er Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Bremanger. Han er måndag kveld på reise.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vallogo

Arbeidarpartileiar Aud Marit Sortevik i Bremanger er heilt skjelven når valresultatet vart klart i 22-tida. – Dette må vi takke innbyggjarane for, vi er kjempeglade.

Arbeidarpartiet gjer nemleg eit kjempeval i Bremanger og får 34,7 prosent av stemmene. Dei går dermed fram nesten ti prosentpoeng.

– Vi har vore så spente. Dette er veldig gledeleg. Vi har stått på i valkampen og no har vi fått forteneste for det vi har gjort, seier Ap-leiaren.

Senterpartiet som i dag har ordføraren med Karl Vidar Førde går derimot tilbake 1.9 prosentpoeng til ein oppslutnad på 19.4 prosent. Høgre går tilbake 1,1 prosentpoeng til 21,7 prosent oppslutnad, medan Venstre gjer det godt og går fram 4,5 prosent til 14,3 prosent.

Espen Sortevik er Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Bremanger. Han er måndag kveld på reise på veg til Kina, og Ap-leiaren har difor ikkje fått fortalt han om det gode resultatet enno.

– Eg må prøve å sende han ei melding, seier ho.

Bjørnar Førde, Thomas S Øvstedal, Åse Leirgulen, Aud M, Sortevik, Leo Husabø Cirotzki,Frank Midtbø

JUBEL: Biletet er frå Arbeidarpartiet sin valvake i Bremanger måndag kveld. På biletet er Bjørnar Førde, Thomas S Øvstedal, Åse Leirgulen, Aud M, Sortevik, Leo Husabø Cirotzki og Frank Midtbø.

Foto: Privat

– Vi er valvinnaren

Ho kjenner seg trygg på at det blir Ap som får ordførarvervet dei neste fire åra.

– 34 prosent er jo kjempebra, og det må skje noko alvorleg gale om vi ikkje skal få ordføraren. Vi er valvinnaren, seier Aud Marit Sortevik til NRK.no.

Ei av dei viktigaste sakene dei vil jobbe for i den komande periode er realiseringa av Kystvegen.

– Vi er veldig opptekne av Kystvegen og at vi ikkje kjem i bakleksa. Vi vil stå på dei prioriteringane som er gjort med Indrehus-Svelgen som nummer ein, og seinare kryssing av Nordfjorden som nummer to.