Hopp til innhold

Breibandet tilbake i Sogn

Nær 4.000 personar har i morgontimane onsdag vore utan breiband i Sogn. Det er kommunane Luster, Aurland, Sogndal, Årdal og Balestrand som har vore råka.

Teletrøbbel i sogn

Feilen blei meldt inn til Telenor i morgontimane i dag.

Informasjonssjef i Telenor, Per A. Meling

BREIBANDET TILBAKE: Informasjonssjef i Telenor, Per Aril Meling.

Foto: Telenor

– Det var eigentleg snakk to feil samstundes. Det var eit fiberbrot på Voss i Hordaland, samstundes som det og var eit brot til det vi kallar ein internettruter, det som spreier internettrafikken i Sogndal, seier informasjonssjef i Telenor, Per Aril Meling.

Det var brotet mot internettruteren i Sogndal som var hovudårsaka til dei store breibandutfalla i Sogn og Fjordane.

Klokka 10:40 opplyser Meling at brotet mot internettruteren i Sogndal er ordna, og at dei dermed kan omdirigerte trafikken slik abonnentane i Sogn får tilbake breibandet.

Også dei to mobilbasestasjonane som har vore ute i Luster og Aurland er no i orden igjen. Når det gjeld fiberbrotet på Voss driv entreprenøren no feilsøking.