Brear på historisk lågmål

Unormalt mykje snø i fjor og normal snøsmelting til trass, Briksdalsbreen og Kjendalsbreen er på historisk lågmål.

Isbre
Foto: NRK

Faktisk har ikkje breane vore så langt attende sidan etter den Vesle Istida som varte fram til år 1750.

Historisk små

Briksdalsbreen har gått attende 58 meter det siste året. Brefronten er no heilt ute av Briksdalsvatnet. Kjendalsbreen har derimot trekt seg attende heile 182 meter. Det er den største tilbakegangen i løpet av eitt år sidan 1940-talet.

Til saman har desse to breane trekt seg attende om lag 500 meter sidan 1999.

Ein vart større

Tilbakegangen er likevel mindre enn i fjor kring Jostedalsbreen, men derimot større i Hordaland og Nord-Noreg. Målingar av brefrontane viser at 24 av 28 målte brear held fram med å trekke seg attende.

I Jotunheimen har breane vore om lag i balanse, medan Engabreen på Svartisen er den einaste som har gått noko fram sidan hausten 2006. Skal tilbakegangen av brefrontane stoppe må breane legge på seg i fleire år framover.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.