Hopp til innhold

Brannsjef trugar med søksmål

Brannsjef i Vågsøy, Kim Hjelle, trugar med søksmål etter at han ikkje fekk stillinga som brannsjef i Kinn, melder Fjordenes Tidende. Han føler seg forbigått fordi den nytilsette brannsjefen, Robert Endestad, ikkje har fullført lovpålagt brannskule. Den nytilsette brannsjefen seier utdanninga skal vere på plass i god tid innan 2020.

Kim Hjelle
Foto: Asgeir Reksnes / NRK