Hopp til innhold

Brannen på Atløy endeleg sløkt

Det tok over 30 timar å få sløkt brannen i krabbefabrikken på Atløy.

Brannen på Atløy

FARLEGE GASSAR: Folk i nærområdet rundt krabbefabrikken måtte kome seg unna, då brannvesenet meinte at det kunne vere farlege gassar i røyken frå brannen. Dette bilete er frå i går og syner korleis det såg ut dei første timane med brann.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi har no kontinuerleg brannvakt på staden, og det kjem vi til å ha heilt til det ikkje lenger brenn i det heile, sa Siv Sørstrand ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane søndag.

Måndag morgon var brannen sløkt, etter at brannmannskap og folk frå Securitas hadde halde vakt heile natta.

Les også: Delar av fabrikken totalskadd i brann

Naudetatar på Atløy

MYKJE MANNSKAP: Det vart kalla ut mykje mannskap frå både brannvesene, ambulanse og politi då det tok til å brenne på Atløy nyttårsaftan

Foto: Alf Vidar Snæland

Var fare for eksplosjon

Det var rundt klokka sju på morgonen nyttårsaftan at politiet først fekk meldingar om at det brann på Løkeland krabbefabrikk på Herland. Det vart kalla ut store mengder med brannmannskap og politi, både frå Fjaler, Askvoll og Førde.

Store delar av fabrikken har brunne heilt ned til grunnen, og lokala er totalskadd. Også på fryselageret tilknytt fabrikken har det brunne, og folk vart evakuerte fordi det var fare for at nokre store kjøleskap der inne skulle eksplodere.

Det skjedde ikkje, og brannen spreidde seg heller ikkje til nabohusa. Operasjonsleiar i politiet Bjarte Engevik seier at det er fleire grunnar til at dei likevel vel å framleis ha brannvakt.

– For det første er det viktig at folk ikkje nærmar seg brannstaden, for då kan dei skade seg. For det andre er branntomta også ein åstad som vi vil granske etter kvart, og då vil vi ikkje at folk skal ta seg rundt der, seier Engevik.

Motorsag opnar dør til fryserom

MÅTTE NYTTE MOTORSAG: Eigarane av krabbefabrikken var bortreist då det tok til å brenne, og brannvesenet måtte nytte ein motorsag for å ta seg inn i fabrikken. Her sager dei seg inn på fryselageret.

Foto: Alf Vidar Snæland

Startar etterforsking på måndag

Han fortel at politiet ikkje veit noko om korleis brannen kan ha starta endå, og at dei truleg ikkje vil kome i gong med etterforskingane før i morgon.

– Når vi skal drive etterforsking kan det ikkje vere noko varmgang på branntomta, så vi må vente til det er heilt nedkjølt. Vi har uansett betre tilgang på politiressursar på måndag, så vi ventar nok til i morgon med å ta til med etterforskinga.

Siv Sørstrand ved alarmsentral fortel at det ikkje er uvanleg at det kan vere liv i ein brann så lenge som det her er tale om. ​

– Det er ikkje uvanleg at det ulmar nede i brannen i lang tid, og at det kan blusse opp att. Brannvesenet gjer det dei kan for å sløkke brannen heilt, men det tek ofte tid, seier ho.