Hopp til innhold

Brann ville hente att Karadas - Sogndal ville ha 1,5 millionar kroner

Ifølgje TV2 Sporten ønska Brann å hente Azar Karadas tilbake frå Sogndal.

Azar Karadas

VAR ØNSKA: Azar Karadas skal ha vore ønskt tilbake i Brann.

Foto: Rune Sjøberg

Sogndal skal ha kravd 1,5 millionar for kjempa frå Eid.

– Brann forhøyrde seg om Azar. Klubbane hadde nokon samtalar, stadfestar sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, til TV2 Sporten.

Vil ikkje stadfeste pris

Etter det kanalen erfarer, skal Sogndal ha ønskt 1,5 millionar kroner for spissen.

Flo stadfestar ikkje noko beløp i intervjuet.

– Kva vi stilte krav om, er uvesentleg. Ein spelar som Azar er viktig for oss, alt har sin pris. Vi ønskte å ha han med oss vidare, seier Flo til kanalen.

Karadas har spelt to periodar for Brann tidlegare. Då eidaren kom att til Norge etter utanlandsopphaldet, var ikkej Brann interessert.

Spelar gjerne meir for Brann

Karadas pendlar til Bergen, der resten av familien bur. Han skal, ifølgje TV2 Sporten, aldri ha lagt skjul på at han har hatt lyst til å spele for Brann ein tredje gang.

Karadas er bosmanspelar ved nyttår.

Klokka 19 i kveld er det duka for skikkeleg vestlandsderby når Sogndal møter Brann på Brann stadion.