Brann ved Elkem Bremanger

Det oppstod brann i eit sikringsskap.

Elkem Bremanger
Foto: NRK

Klokka 17:27 fekk politiet melding om brann ved Elkem Bremanger i Svelgen.

Ifølgje Inge Verøy ved politiets operasjonssentral var brannen sløkt omlag tjue minutt seinare.

Vil bli etterforska

Brannen skal ha oppstått i eit sikringsskap.

Og Inge Verøy seier brannen vil bli etterforska av Bremanger lensmannskontor.