Hopp til innhold

Brann på Elkem

Det tok fyr i kol ved råstoffanlegget

Elkem Bremanger

BRANN: Elkem Bremanger i Svelgen

Foto: NRK

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane melde om brann ved Elkem i Svelgen rett over klokka 20.

Kolet ved råstoffanlegget hadde teke fyr, og brannen var sløkt kl 2016. Politi er på staden for å gjere undersøkingar.

I følgje politiet var det snakk om eit branntilløp som kan ha vore forårsaka av ein varmeomn, og ingen større materielle skader.