Hopp til innhold

Brann i vedhus

Torsdag kveld rykka politiet og brannvesen ut til ein brann i eit vedhus i Flåm. Brannen skal ha blitt halden i sjakk med ein hageslange, opplyser politiet. I 23-tida hadde brannvesen fått kontroll over situasjonen, og det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg. Ingen personar blei skadde, og det er førebels ukjend kvifor det byrja å brenne.