NRK Meny

Brann i einebustad i Måløy

Brannvesen, politi og ambulansepersonell har rykt ut til ein brann i sentrum av Måløy. Vaktleiar Kolbjørn Øvrebotten ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane seier til NRK alle personane som var i huset har kome seg ut. Ingen av dei skal ha fått skader. Det er uvisst kva som er årsaka til brannen. Ifølgje Fjordenes Tidende var det naboar som melde frå om brannen like etter klokka 13.30.

Brann i einebustad i Måløy
Foto: Eva Westvik / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune