Hopp til innhold

Brann i container

Ein container er nedbrent i Dale sentrum. Det har også brunne i nokre dekk ved sida av. Då brannmannskap kom fram til staden, var det framleis ein del røyk. – No er situasjonen under kontroll, og det er ikkje meldt om nokon dramatikk, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt. Han seier det er for tidleg å seie noko om brannårsaka, men at dei no skal prøve å finne tennkjelda. Det skal ikkje ha vore fare for spreiing til bygningar i nærleiken.

Laster Twitter-innhold