Hopp til innhold

Tam kamp for Førdespelarane som tapte 1–0 mot Lyn

Lyn blei for store for Førde, som søndag gjekk på sitt femte tap.

Vegard Gjermundstad og Øystein Vetti.

FØRDE NÅDDE IKKJE OPP: Vegard Gjermundstad og Øystein Vetti (ARKIVFOTO)

Foto: Oddleif Løset / NRK

– I dag var vi ikkje gode nok, seier trenar Knut Erik Folland.

25 minutt i første omgang set tidlegare Odd-spelar Armin ballen i nettet bak Førde-keeper Fredrik Hanssen. Det blir også kampens einaste mål.'

– Lyn vinn fortent i dag. Det er rett og slett ikkje nok sprut og driv i oss i dag.

Førde slit med det offensive spelet, på same tid i fjor hadde Førde skåra tre gonger så mange mål som dei har gjort til no i sesongen. Då er det ei mager trøyst at dei har sleppt inn færrast mål i divisjon per no.

Knut Erik Folland

MÅ BLI BETRE OFFENSIVT: Førdetrenar Knut Erik Folland

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det kviler mykje ansvar på nokre unges spelarar, som eg tykkjer har gjort ein veldig god sesong så langt.

– Dei har blitt matcha tøft, Daniel Kvalvågnes speler og Erlend Moen Thaule har spelt mykje og har gjort det bra. Vi må gi dei tid, og så må vi jobbe kollektivt.