Hopp til innhold

Born får ikkje reise åleine med hurtigbåten

Dårlege vêrmeldingar gjer at små born på ruta Bergen–Nordfjord ikkje får reise utan følgje.

M/S Njord Norled

JULEFERIE: Born som skal reise mellom Nordfjord og Bergen må ha med seg følgje, seier reiseselskapet Norled. Vikntor er ein av fire båtar som trafikkerer strekningar i Sogn og Fjordane.

Foto: Norled

–Det er meldt ganske tøft vêr over stort sett heile Vestlandet. Av erfaring veit vi at det i denne tida er mange born som reiser åleine. Vi vil at føresette skal ta hand om dei, seier Bjørn Egil Søndenå.

Han er regionsjef for hurtigbåtar i Norled. Det bles kraftig på Vestlandet, noko som skapar problem for båttrafikken langs kysten. Som følge av dei ekstreme vêrforholda tek ferje- og hurtigbåtrederiet Norled ekstra sikkerheitsomsyn.

– Ved mykje bølgjer og sjø kan små born bli litt skremde, og kjem det mange, så blir det mange å trøyste og følgje opp. Så vi oppmodar føresette om å reise saman med dei i dårleg vêr.

Enn så lenge gjeld dette berre på ruta Bergen-Nordfjord, men Norled opplyser at det kan bli aktuelt på fleire ruter, og ber reisande følgje nøye med på nettsidene for å oppdatere seg på informasjon. Han understrekar at det er billettar igjen til vaksne som eventuelt må bli med som følgje, og dersom foreldre ynskjer at barnet skal la vere å reise, så kan dei få tilbake pengane for billetten. TIl no er det ingen som har fått nei til å reise.

– Det er meldingar med vindstyrke på opp til 22, og vi veit ikkje når og kvar det treff på ruta. Meldingane tyder på at det kan bli tøft, ikkje for båtane, men for kundane og komforten.