Hopp til innhold

Bør vi halde oss heime?

Ein kommunelege i Hordaland meiner vi bør unngå folkemengder medan pandemien pågår.

Holmenkollen
Foto: Sandra Noer / NRK

Kommunelege Gunnar Hetland meiner at folk må tilpasse seg livet utan influensavaksine, og rett og slett halde seg heime.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Overdramatiserer ikkje

Hetland seier til bt.no at dei som ikkje er vaksinert må vurdere nøye kva ein deltek på.

På spørsmål frå avisa om dette ikkje er å overdramatisere situasjonen, avviser han det blankt.

- Nei, hjelpe meg, det synest eg ikkje! Dette er ein unntakstilstand som vil vare nokre få månader. I ein kort periode må folk jammen klare å la vere å gå på kino eller konsert!

Held seg unna

Vaksine
Foto: M. Spencer Green / Scanpix/AP

Han sjølv ville ikkje sett sine bein på ein kino eller nokon annan stad der smittefaren er stor.

- Går du på ein buss og nokon hostar, kan fort hundre personar bli smitta, seier han til avisa.

Ville kollapse

Men overlege vBjørn Iversen ved Folkehelseinstituttet meiner utspelet til Hetland ikkje bør gjennomførast.

- Dersom folk som ikkje er vaksinerte skulle leve som eremittar, ville samfunnet kollapse, og det ville ikkje vere kostnadseffektivt i det heile tatt. Men at alle kan tenkje meir over om det er nødvendig alt vi gjer, er eg einig i, seier han.