Hopp til innhold

BOOBil er den kulaste russebilen

Det hjalp tydelegvis å spele på pupp og bikini, for den dristige russebilen BOOBil blei kåra til den kulaste og tøffaste denne våren.

Det kom inn nesten 3000 stemmer frå nettlesarane til NRK Sogn og Fjordane. BOOBil fekk 27 prosent av stemmene. No kan dei sju russejentene vente seg ein hyggeleg kveld etter å ha gått av med sigeren, for premien er eit gåvekort på ein pizzarestaurant for heile gjengen.

Sju russebilar var med i konkurransen om å bli den kulaste bilen: Storfangsten, BOOBil, Godt & Blandet, Balls '11, Tigergut, Den raude arme og Vennergjengen.

– BOOBil bilen skilde seg ut i konkurransen. Russebilen er gjennomført i stilen, og er full av artige detaljar, seier nettansvarleg i NRK Sogn og Fjordane, Rune Fossum.

– Er det sant?

BOOBil

BOOBIL: Jentene påstår sjølve at dei er topplause på det spenstige biletet bak på bilen.

BOOBil

KOSELEG: Kunstgras på golvet og blomster må til for å skape ei triveleg stemning.

Taket inne i BOOBil

TØFT TAK: Russejentene har dekorert taket med mange bilete innvendig.

BOOBil

BH: Bilen er dekorert med BH-ar.

Russejentene Lene Nordbotten, Marta Gundersen, Linda Hjelle, Oda Marie Lyslo, Maria Vårdal Haugland, Oda Solheim og Ida H. Frøyen er på veg til russetreffet på Breim då dei får gladmeldinga.

– Oi, er det sant. Vann vi? Så kjekt! Dette var bra og ei god nyheit, seier Maria Vårdal Haugland medan dei andre jentene hyler i bakgrunnen.

Ho fortel at dei sju elevane ved Mo og Jølster vidaregåande skule har jobba hardt for å vinne denne konkurransen.

– Vi har brukt dei kanalar vi kunne for å få flest mogleg stemmer. No skal vi ringje rundt for å fortelje vennene våre at vi har vunne, fortel ho.

Jentene har brukt vinteren på å pusse opp bilen som aldri før har vore russebil. Dei har satsa på eit heimekosleg og personleg preg.

Mange har kikka på biletet

No er dei i ferd med å avslutte ei flott russetid. Etter ein kveld på Breim, ventar fest i Florø i morgon.

– Denne helga skal vi feire at vi hadde siste russedag på skulen i dag. Russetida har gått fort, men vi har utnytta den godt, fortel ho.

Og bilen dei har jobba så mykje, har fungert godt.

– Bilen har funka fint den, og vi har fått masse merksemd. Særleg bilete bak på bilen er det mange som har stoppa opp ved, ler ho.