Hopp til innhold

Bonde saksøkjer Fylkesbanken

Nordfjordbonden ville ha betre avkastning på sparepengane. No går han til sak mot Sparebanken Sogn og Fjordane for å ha tapt 3,5 millionar på valutaspekulasjon.

Sparebanken Sogn og Fjordane

I RETTEN: Nordfjordbonden i 50-åra krev erstatning etter at han hevdar Sparebanken Sogn og Fjordane rota vekk 3,5 millionar kroner.

Foto: NRK

I tillegg hadde mannen valutalån, der han krev erstatning på ein halv million etter tap han meiner banken må stå ansvarleg for, skriv Bergens Tidende.

– Han var i utgangspunktet villig til å ta ein viss risiko for å få avkastning på sparepengane sine, men her har banken gått ut over alle grenser. Resultatet er eit tap på rundt 3,4 millionar kroner for klienten min, seier mannen sin advokat, Thor Bendik Berg, til avisa.

– Trist, tragisk historie

Berg skildrar det heile som ei trist, tragisk historie. Saka skriv seg attende til 2005 då mannen i 50-åra gjekk til banken og bad om råd for korleis han kunne få betre avkastning på sparepengane sine.

I tillegg til framlegg om terminhandel med valuta, tilbydde kundehandsamaren i den lokale bankfilialen ei råme på ti millionar kroner som han kunne spekulere for. Dette på grunnlag av eigenkapitalen på ein million kroner, samt pant i hus, driftsbygningar og gard, skriv avisa.

Finansuroa slo til i 2008, men først i 2009 fekk banken stogga spekulasjonane.

Vil ha svar

Bonden som i utgangspunktet berre skulle setje eigenkapitalen på spel, hadde då tapt 3,5 millionar kroner.

Ifølgje avisa hadde ikkje Sparebanken Sogn og Fjordane konsesjon til å drive slik valutahandel i 2005, men brukte DnB som partnar. Og bonden kunne lite eller ingenting om valutahandel.

– Eg ha kravd å få ut all intern dokumentasjon på avtalar, vurderingar og tilhøvet til DnB i denne saka. Kva fortalde dei eigentleg klienten min om risikoen? Det vil vi ha svar på. Det skrekkscenarioet som kom vart han i alle fall ikkje førespegla, seier Berg til Bergens Tidende.

Avviser kravet

Berg seier mannen var med på avgjerda om å gjere dette, men at han ikkje var klar over omfanget og risiko. Advokat i Sparebanken Sogn og Fjordane, Asbjørn Nordstrand Løvik, vil avvise kravet frå nordfjordbonden når saka startar i Fjordane tingrett 5. september.

– Vi meiner at kunden sjølv er ansvarleg for dei tapa han fekk på desse investeringane, seier han til avisa.