Hopp til innhold

Høgsterett forkasta anke etter bombetrugsmål

Kvinna som kom med bombetrugsmål mot eit Widerøe-fly, får ikkje behandla anken i Høgsterett.

evakuerte

STORSTILA EVAKUERING: Etter bombetrugsmålet vart heile Bergen Lufthamn Flesland evakuert og fleire hundre passasjerar måtte vente i fleire timar før dei kunne reise vidare.

Foto: Anders Ekanger

Høgsterett forkasta i ettermiddag anken frå den 18 år gamle kvinna frå Førde som er varetekstfengsla for å ha komme med bombetrugsmål mot eit Widerøe-fly i tidlegare i mars.

Det var via eit chatteprogram at kvinna kom med trugsmålet om at det var plassert ei bombe i ein koffert på Widerøe-flyet frå Bergen til Kristiansund. Bergen Lufthamn Flesland vart evakuert i fleire timar.

Kvinna vart varetektsfengsla, men anka avgjerda. Men overfor NRK opplyser Høgsterett at det er gjort vedtak på at kvinna blir sittande i varetekt.

Har komme med trugslar tidlegare

Mistanken mot 18-åring kom, ifølgje politiet, etter at kvinna tidlegare også har komme med liknande trugslar.

– Ho kan knytast til tidlegare meldingar til Widerøe. I samband med det hadde Widerøe opplysningar som vi kunne spore tilbake til henne, sa politistasjonssjef i Bergen Sør, Morten Ørn, etter at kvinna vart pågripen.

Trugsmålet kom til eit Widerøe-kontor i Bodø. Dei hadde fått fleire liknande meldingar frå kvinna, og kunne spore henne tilbake til ei bestilling som vart gjort med same epostadresse og telefonnummer.