Hopp til innhold

Bolseth senka Haugesund

Sogndal vann torsdag 2-1 over Haugesund i ein treningskamp i Vestlandshallen i Bergen.

Rune Bolseth med ballen.
Foto: Oddleif Løset / NRK

- Vi er gode og mykje betre enn Haugesund den første halvtimen, men det første kvarteret får dei mange kontringar, oppsummerer assistenttrenar Ole Hjelmhaug etter kampen.

- Varierer for lite

På trass av siger mot divisjonskollegaen frå Rogaland, er ikkje Hjelmhaug heilt nøgd med kampen.

- Vi varierer for lite i spelet for å bli fullt godkjent. Men vi er i rute i høve same tid som i fjor, seier han. Sogndal opnar serien heime mot Hønefoss 5. april .

Fire mål på to kampar

Finnen Valter Laaksonen, som scora , sende Sogndal i leiinga før kvilen med si fjerde scoring på to treningskampar. Dag Roar Ørsal utlikna for Haugesund. Kaptein Rune Bolseth sette inn sigersmålet for Sogndal. Her hadde Laaksonen målgjevande pasning.

- Valter, som har scora fire mål på to kampar, står på. Anders Stadheim står på og Rune Bolseth står på. Jamt over er det bra. Vi har ein brei tropp og spelarane vil påverke spelet og ikkje minst få speletid, seier Hjelmhaug.

Møter Molde

Neste motstandar er Eliteserielaget Molde og står for tur neste onsdag.

- Då vil vi sjå korleis vi ligg an i høve det. Med motstand som er betre enn oss, får vi referanse på korleis vi ligg an. Automatisk vil vi også heve oss opp på eit betre nivå, seier Hjelmhaug.