Hopp til innhold

Bølgene i Sognefjorden var tsunami

Bølgene i Sognefjorden som kom få minutt etter jordskjelvet i Japan i 2011, viste seg å vere ein mini-tsunami. Forskarar har trudd dette heile tida, men har ikkje funne bevis før no.

Folk i Framfjorden i Vik opplevde ein slags mini-mini-tsunami i morgontimane fredag 10. mars. I meir enn to timar gjekk sjøen mellom flo fjærepunkta.

MINI-TSUNAMI: Folk i Framfjorden i Vik opplevde ein slags mini-tsunami i morgontimane fredag 10. mars i 2011. I meir enn to timar gjekk sjøen mellom flo fjærepunkta. Foto: Arne Stubhaug

Når eg oppdaga at nokon hadde video frå fenomenet fekk eg ikkje sove, eg låg berre å fryda meg. Det er jo 8000 kilometer til Japan. Det er omtrent på andre sida av kloden. Tenk at vi skulle oppleve dette i Sogn, seier professor og geolog Stein Bondevik.

Uvanleg fenomen

Heile verda sine auge var retta mot Japan etter det kraftige jordskjelvet der, men omtrent samstundes oppdaga folk i Arnafjorden i Vik, og andre stader langs Sognefjorden noko som kunne vere ein mini-mini-tsunami.

I 2011 var det nesten ingen som merka jordskjelvbølgene. Det var så små bevegelsar det var snakk om. Det er mindre enn ein centimeter av jordskorpa som var i bevegelse. Likevel var det nok til at vi fekk sett i gang bølger i fjorden her, fortel forskaren.

– Det måtte vi berre sjå nærmare på, fortel Bondevik entusiastisk.

Saman med forskarane Bjørn Gjevik og Mathilde Sørensen har Bondevik sett nærmare på fenomenet sidan det skjedde i 2011.

(Saka held fram under biletet)

Stein Bondevik

BEVIS: Professor og geolog Stein Bondevik har funnet ein samanheng mellom jordskjelvet og mini-tsunamien i Sognefjorden.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Endeleg bevis

At bølgene i Sognefjorden kom frå jordskjelvet i Japan trudde Bondevik med ein gong, men fyrst no har han fått det bevist, og det er takka vere ein overvakingsvideo og publikum som har fanga fenomenet på film.

Ut ifrå ein avansert matematisk modell fekk forskarane analysert jordskjelvsvingingane som vart fanga på film, og no har dei tre forskarane konkludert med at det er ein klar samanheng mellom jordskjelvet og mini-tsunamien i Sognefjorden.

Takkar publikum

Det er publikum som filma tsunamien med mobilkamera som har gjort det mogeleg å bevise at dette faktisk var ein tsunami.

– Så vidt eg veit er dette fyrste gong fenomenet er teke opp på film.

Fenomenet har vore beskrive før, men det er ikkje kjent at nokon har fanga det opp på film.

Forstår meir av fenomenet

– Det kan verke som om fjordar er sensitive på jordskjelv, det er truleg fordi dei er så djupe, seier Bondevik.

Dei jordskjelva som set dette i gong bevegar seg på tvers av forplantingsretninga. Det vil sei at retninga på fjorden er viktig for om ein tsunami vil kunne gjere utslag på fjorden eller ikkje.