Hopp til innhold

Bokfest – no også på bygda

Vesle Skald forlag på Hermansverk gjer som store Aschehoug - arrangerer sin eigen haustfest, om enn i mindre format - og ikkje i ein hage.

Haustfest i Skald forlag

KVITVINEN PÅ PLASS: Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth (sittande) gir ut boka «Norges Låver» på Skald forlag. Til høgre redaktør Jan Inge Fardal i Sogn Avis.

Foto: Hibba Samardawy / NRK

Hausten byr på bokslepp frå dei store forlaga, som inviterer forfattarar og fiff på hagefestar med ein forsmak av dei nyaste bøkene. Aschehoug sin årlege hagefest på seinsommaren har nærmast blitt ein institusjon med skyhøg kjendisfaktor.

Sjølv om Skald forlag ikkje held festen i ein hage, har dei lete seg inspirere av haustfestane i storbyane.

I fjor arrangerte dei sin første haustfest, og onsdag inviterte dei på ny gamle og nye forfattarar og lesarar til haustfest med ein lokal vri.

– Det var kjempesuksess i fjor, men eg må seie at det er endå betre i år, seier forlagssjef Simone Stibbe til gjestane når ho ønskjer velkomen.

Haustfest i Skald forlag

SKALD-FORFATTARAR: Til høgre Janne Marit Øye, som gir ut barneboka «Snøhumla Mille» på Skald forlag i haust.

Foto: Hibba Samardawy / NRK

Om lag femti gjestar har funne vegen til gamlehotellet i Leikanger, og alt er slik det skal vere på forlagsfest: Her blir det bydd på både raudvin og kvitvin, i tillegg til lokalprodusert øl.

I storstova der presentasjonen blir halde er det òg sett fram eple og plommer frå Sogn som gjestene kan forsyne seg av. Ingenting å utsetje på varene, med andre ord.

Betre enn Oslo?

Ein av gjestane på festen, er forfattar Sigrid Sandberg. Ho har tidlegare skrive biografiar om polfararar og sakprosa om klima. For tida jobbar ho med eit bokprosjekt om eit viktig fjell på Vestlandet, som ho foreløpig vil halde hemmeleg, så langt det let seg gjere.

Sandberg fekk ikkje med seg festen i fjor, men er desto gladare for å vere på plass i år. Ho har vore på fleire av dei store forlagsfestane i Oslo, og synest haustfesten i Leikanger er unik.

– Eg har vore på ein del festar i Oslo, men det er jo ikkje i nærleiken så god stemning som her, seier ein godt nøgd Sandberg.

Kristine Rohde

FORNØGD VERT: Marknadsansvarleg i Skald forlag,Kristine Rohde.

Foto: Hibba Samardawy / NRK