I over 40 år har bokbåten vore ein institusjon på kysten både her i fylket og i nabofylka nordom og sørom. Men den kostar pengar, og stormane har truga både på sjøen og i det politiske landskapet meir enn ein gong.
Men når leigeavtalen på båten går ut til hausten, kan det vere slutt for godt. Litteraturformidling til born og unge skal samordnast i Den kulturelle skulesekken som er blitt eit omgrep i kulturformidlinga.
Må ha alternativ
Kultursjef Per Arne Tveit i øykommunen Askvoll seier tilbodet ikkje må bli borte før utkantane har fått eit alternativt tilbod.
Tveit er mest uroa for dei eldre som ikkje har så lett for å komme seg til bibliotek på sentrale stader.