NRK Meny
Normal

«Det har vore litt slitsamt. Men eg håpar jo det endar bra»

Ein seig skade tvingar Øyvind Strømmen Kjerpeset til å stå over heile sesongen innandørs. Kongepokalvinnaren frå 2013 har planar om å slå sterkare tilbake utandørs.

Eystein Enoksen (t.v.) og Øyvind Strømmen Kjerpeset

DROPPAR INNANDØRS: Øyvind Strømmen Kjerpeset (t.h.) har saman med trenar Eystein Enoksen bestemt seg for å droppe heile innandørssesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg held på å bli skadefri, og den prosessen går veldig bra. Men eg må ofre innandørssesongen for at foten skal bli heilt frisk, seier 23-åringen.

Han er Norges suverent beste hekkeløpar, og siktar mot internasjonale meisterskap som VM og OL på 400-meter hekk. Men etter ein treningsleir i USA i mai i fjor, har han slite med ein betennelse under den eine foten.

Etter NM på Jessheim i august bestemte Kjerpeset seg for å kutte resten av sesongen for å bli kvitt skaden. No viser det seg at også innandørssesongen går fløyten.

– Eg har ikkje noko val. Foten er langt frå konkurranseklar, og eg har ikkje fått førebudd meg til innandørssesongen i det heile teke. Men grunntreninga går bra, og eg kjem til å vere veldig godt førebudd til utandørssesongen om ting utviklar seg så positivt som no, seier sprintaren.

Droppa studia for å satse – vart skada

Kjerpeset hadde lenge så store smerter i foten at han knapt kunne gå på den. No er han smertefri, og er i gang med trening. Mellom anna er han sterkare og seigare enn før.

Men eit år med skade har vore tungt for den hardtsatsande florøværingen. For så lang tid er det sidan 23-åringen sist gjennomførte eit løp han verkeleg var nøgd med.

– Det har vore surt. Eg droppa studia for å satse på fulltid, og klubben satsar skikkeleg på meg. Så endar det med skade og eg får ikkje trent. Så det har vore litt slitsamt. Men eg håpar jo det endar bra, seier han.

– For det er lyspunkt å finne?

– Ja, absolutt. Det ser veldig bra ut. Eg håpar berre skaden toler progresjon på trening, og at eg kan ta på meg piggsko i mai.

Øyvind Strømmen Kjerpeset på Olympiatoppen

OFFENSIV: Øyvind Strømmen Kjerpeset meiner han kan stille til ein ny sesong betre førebudd enn nokon gong.

Foto: Rune Fossum / NRK

Meiner skaden ikkje skal blusse opp att

Trenar Eystein Enoksen meiner eleven er i betre slag med tanke på styrke og uthald enn nokon gong. Det håpar han skal gi eit godt grunnlag. For til sommaren er planen at Kjerpeset skal vere tilbake i godt, gammalt slag.

– Det går greitt med skaden, og det ser ikkje ut til å bli eit problem framover. Eg har veldig tru på at vi skal få han tilbake på veldig høgt nivå utover sommaren, seier Enoksen.

Og ein Kjerpeset i form er ikkje ein kven som helst: I 2013 tok han kongepokalen i friidrett – den første til Sogn og Fjordane på 46 år. Han er Norges første løpar under 50 sekund på 400 meter hekk. Han er også aktuell for VM i Beijing og OL i Rio de Janeiro.

– Er det fare for at skaden kan blusse opp att?

– Nei, det er det ikkje fare for. Han trenar ikkje med piggsko eller sprintar maks no. Vi trappar opp gradvis. No spring han også sprint med joggesko på nesten det nivået han har gjort før utan at gjer vondt, så eg trur vi har klart å restituere dette, seier Enoksen.

... og langt der framme ventar VM

Om alt går etter planen, kan Kjerpeset delta under Florø Festival på heimebane i juni. Han har heller ikkje gitt opp draumen om å springe under VM i Beijing på seinsommaren.

Då må han ned på 49,50 for å kvalifisere seg.

– Vi får sjå korleis det utviklar seg, men VM er innanfor rekkevidd om ting klaffar, seier Enoksen.

Sjølv vil Kjerpeset gjerne senke den norske rekorden endå nokre hakk. Klarer han det, nærmar han seg også VM-kravet.

– VM-kravet er berre 30 hundredelar under persen min. Og det er målet mitt: Å komme tilbake og setje ny personleg og norsk rekord. Det er difor eg ofrar innandørssesongen, seier 23-åringen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.