Hopp til innhold

Blir kalla dei styggaste ting etter singelslepp

Ketil Thorbjørnsen har opplevd ein straum av kraftige reaksjonar etter at han laga låt om flyktningstraumen frå Syria.

Ketil Thorbjørnsen spelar live i Lutt

ER BUDD: Ketil Thorbjørnsen ventar kraftige reaksjonar når han 23. januar slepp neste singel, 'Hundre hol i armen', som handlar om måten narkomane blir behandla på av samfunnet.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Det har ikkje skorta på tilbakemeldingar etter at Årdal-artisten lanserte sin første singel frå hans kommande album «Vi treng trøyst».

Etter nokre få veker har «Svik» fått over 50.000 avspelingar i strøymetenestene, samt gjeve artisten lite flatterande tilbakemeldingar.

Ketil Thorbjørnsen

REAKSJONAR: Albumet «Vi treng trøyst» kjem i slutten av februar, men singelen «Svik» har allereie fått reaksjonar.

Foto: Privat

– Det har vore alt frå landssvikar, ape-elskar, svarting-elskar, klovn og idiot. Eg har også fått beskjed om at eg kan ta livet av meg, seier han til NRK.

– Eit frontalangrep

I intervju med porten.no, som først omtala saka, seier Thorbjørnsen at han må tole å få litt tilbake, når han går så hardt ut som han gjer i låten han skreiv då flyktningstraumen frå Syria var på det verste.

Sjølv skildrar han «Svik» som eit frontalangrep på framandhat, framandfrykt og «ein generell fåvit som dei ultrablå utbasunerer i flyktningpolitikken».

– Vi kan ikkje berre ha glatte låtar og «sola skin, du er fin». Det kan vere bra det òg, men vi treng litt sting. Det må vere noko innhald, seier han til porten.no.

Mykje positivt

Overfor NRK seier Thorbjørnsen at tilbakemeldingane ikkje akkurat tek frå han nattesøvnen.

– På ingen måte. Det er kraftig kost, men så er det greitt å få fram desse reaksjonane så ein får sett kva som bur i det mørkaste på det gode gamle internettet, humrar han og legg til:

– Dei kan høyre på låten, dei som ikkje er samde også. Det er berre å ta vekk ironien. Då sit den som ei kule.

«Svik» har ikkje berre fått fram det verste i folk. Han har fått mykje positive tilbakemeldingar frå folk som meiner låten var på sin plass.

– Støttegrupper for flyktningar og folk som er mot Frp sin innvandringspolitikk har delt låten. Det er på ein måte venstresida som har famna om den, seier han.

– Kan vere redde, men rause

I kommentarfeltet på Facebook-sida hans blir det mellom anna vist til terrorhandlingar utført av menneske som har kome til Europa som flyktningar.

– Det er viktig å forstå begge sider av saka. Låten er sett på spissen, og eg skjønar at folk er redde. Poenget er at vi kan vere redde, men vi kan også vise rausheit overfor folk som ikkje har det så godt som vi, seier han.

Sjølv er Thorbjørnsen oppteken av at rike land, som Norge, gjer det dei kan for å hjelpe.

– Eg registrerer at land, som er fattigare enn Norge, tek imot meir flyktningar enn oss. Vi har ein jobb å gjere for å hjelpe flest mogleg når vi har ressursar til det, avsluttar han.