NRK Meny

Blir ikkje sak for politikarane no

Kravet om ei folkerøysting om Sogndalspakken kjem ikkje opp i kommunestyret i Sogndal i dag. Rådmann Jostein Aanestad seier saka skal gjennom ei ordinær sakshandsaming før den blir lagt fram for politikarane. Initiativtakar til kravet om folkerøysting, fylkesleiar Øyvind Nondal i Piratpartiet, meiner saka må handsamast no fordi dette er del av ein planprosess etter plan- og bygningslova. Rådmannen avviser dette. Saka vil truleg komme opp i første kommunestyremøte neste år.