Hopp til innhold

Blir framstilt for varetektsfengsling

Ein tenåringsgut er sett fri, men to menn blir måndag framstilt for varetektsfengsling etter eit grovt innbrot i Florø natt til laurdag.

Politihuset i Florø

TO SIT FENGSLA: Gjerningsmennene politiet meiner stod bak innbrot og biltjuveri frå ein bustad i Florø blir sitjande på politihuset i påvente av fengslingsmøte i Fjordane tingrett.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– To menn vil bli framstilt for varetektsfengsling i løpet av måndagen, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Litt skjelven

Ekteparet Jørgen og Kirsten Willis vakna av at einkvan starta opp bilen i garasjen og forsvann. Tjuvar hadde brote seg inn i bustaden i Industrivegen i Florø og tatt bilnøklar, mobiltelefonar og brennevin.

– Ein kjenner seg jo litt skjelven. Det er litt ekkelt at folk kjem seg inn i huset på den måten – eg veit ikkje korleis dei kom seg inn, sa Kirsten Willis til NRK laurdag.

Ekteparet sin bil, ein Honda CRV, vart laurdag ettermiddag funnen forlaten på Solheim utanfor Florø sentrum. Tre menn vart deretter arresterte og har sete i fengsla forvaring over natta.

Utanlandske statsborgarar

– Den yngste av dei tre, ein gut i slutten av tenåra er sett fri. Dei to andre, ein mann i 40-åra og ein mann i 30-åra vil bli framstilt for vidare fengsling, seier Værøy.

Dei tre skal alle vere polske statsborgarar.

– Dette er personar som er tidlegare ukjende for oss. Den eine har ei viss tilknyting til området, opplyser operasjonsleiaren.