Hopp til innhold

Blir færre avisdagar – desse varslar kutt

Fallande opplagstal og satsing på nett gjer at fleire aviser i fylket no kuttar talet papirutgåver.

Fjordenes Tidende og Erling Wåge

FRÅ TRE TIL TO: Fjordens Tidende, med redaktør Erling Wåge, er ei av avisene som no går ned på talet papiraviser dei gjev ut kvar veke.

Foto: NRK/Odd Drabløs, Fjordenes Tidende

Blant dei er Fjordenes Tidende og Fjordingen, som vil gå frå tre til to aviser i veka. Dette for å kunne styrke nettsatsinga.

– For at vi skal bli meir digitale er vi nøydde til å gjere nokre grep framover. PC, nettbrett og mobiltelefonar har blitt allemannseige og folk forventar at vi formidlar nyheiter når dei skjer. Så kjem vi til å gå litt bak nyhenda i papirutgåva, seier Erling Wåge som er redaktør i Fjordenes Tidende.

Vil innføre betaling på nett

Han seier dei vil slå saman måndags- og onsdagsavisa til ei fyldigare tysdagsavis, samstundes som fredagsavisa også blir styrka. Dette vil skje i mai i år.

– Det har vore ei tung avgjerd, men samstundes er vi nøydde til å vere der folk er. Viss vi ser på utviklinga på lesartala som kom i går, så har vi ei fantastisk utvikling på nett. Vi trur dette er eit viktig digitalt grep, seier han.

Så langt har nettavisa vore gratis for alle. Men Våge seier dei vil gjere enkelte nettsaker berre tilgjengelege for abonnentar, som ein del av den digitale satsinga. Samstundes vil e-avisa bli tilgjengeleg for alle abonnentar.

– Det vil òg bli endra i mai, når vi endrar konseptet vårt, seier Wåge.

– Ikkje dramatisk

Redaktør i Fjordingen, Bengt Flaten, merkar òg at lesevanane til folk er i sterk endring. Det får konsekvensar for papiravisa.

Bengt Flaten

DIGITALT GREP: Redaktør i Fjordingen, Bengt Flaten, seier dei kuttar talet papirutgåver for å kunne satse meir på nettavisa.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi skal levere like mykje journalistikk som før, men for å få til dei digitale grepa er vi nøydde til å gjere nokre endringar, og då reduserer vi talet papirutgåver frå tre til to, seier Flaten.

Også Fjordingen vil gjere ein del av innhaldet på nettsida tilgjengeleg berre for abonnentar eller andre som er villige til å betale.

– Er dette starten på slutten for papiravisa?

– Eg trur papiravisa har livets rett i mange år framover. Det er papiravisa som framleis blir hovudproduktet. Tre til to utgåver er ikkje dramatisk, seier Flaten.

Ytterlegare to reduserer utgåvene i sommar

Fleire andre aviser vurderer òg grep for å spare pengar i lys av fallande opplagstal.

Firda Tidend går ned frå tre til to papirutgåver i ein periode på fem til seks veker i sommar. Redaktør Bjørn Grov seier det ikkje er planar om å gjere dette til ei permanent løysing.

Fjordabladet vurderer det same, men redaktør Tormod Flatebø vil ikkje gå ut med dei konkrete planane før dei har fått informert abonnentane.

Dei andre avisene i fylket held fram som før. Det gjeld Firdaposten, Ytre Sogn Avis, Sogn Avis og Firda. Men også her sit spente redaktørar og følgjer med utviklinga.

– Vi har laurdagsavis og det blir spennande å sjå kva som skjer med postomberinga på laurdagar, seier redaktør i Firdaposten Svend Arne Vee.