Hopp til innhold

Blir direktør for Fredskorpset

Jan Olav Baarøy er i Kongen i stadsråd i dag utnemnd til ny direktør for Fredskorpset som neste år blir flytta til Førde. Baarøy som i dag er utanlandssjef i Kirkens Nødhjelp, er av Utanriksdepartementet tilsett i ei åremålsstilling på fire år. Fredskorpset jobbar med på utveksling gjennom institusjonar og bedrifter i Norge og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Dei om lag 40 statlege arbeidsplassane vart i haust vedtekne flytta frå Oslo til Førde.

Jan Olav Baarøy
Foto: Fredskorpset