Hopp til innhold

Bli med på dykketur til det enorme krigsskipet

Visste du at DS Oldenburg, Tyskland sitt mest suksessrike krigsskip i den første verdskrigen, ligg på nokre og tjue meter like ved land i Vadheim? I denne videoen kan du bli med ned.

Bli med på ein dykkartur ned til DS Oldenburg, det tyske skipet som deltok i begge verdskrigane

HISTORISK DYKK: Oldenburg deltok i begge verdskrigane. Det over 100 meter lange krigsskipet ligg nære land og på grunt vatn.

– Dette er eit populært mål for dykkarar, spesielt frå Vestlandet. Det er eit dykk med ei kraftfull historisk ramme, eit veldig flott dykk, seier Tor Oppegård i Drøbak Undervannsklubb.

DS Oldenburg vart bygd som eit sivilt skip i 1914. Men då krigen braut laus, vart skipet ein del av den tyske marinen sine strategiske planar der dei monterte kanoner og mitraljøser på sivile skip, og sette dei inn i skipsleier verda rundt. Oldenburg senka rundt 45 skip, hovudsakleg allierte handelsskip, i den første verdskrigen. Det er meir enn noko anna tysk skip.

Etter ei mellomkrigstid i sivil fart, vart skipet igjen ein del av andre verdskrig, denne gongen som transportskip, med mellom anna nærare 20 turar langs norskekysten.

– Overveldande

Oppegård filma nyleg når han og kollegaar dykka ved skipsvraket som ligg i Sognefjorden ved Vadheim. Der har det lege sidan 7. april 1945, då britiske jagarfly endeleg fekk has på det sagnomsuste 117 meter lange og 15 meter breie tyske skipet.

– Det er overveldande å kome ned til den store båten som ligg så nære land og på så grunt vatn. Du treng berre ein kort svømmetur på 50 meter frå land. Baugen ligg på 24–25 meter, og propellane på litt over 70 meter. Men dykkar du til 35 meter kan du sjå mykje av båten, seier Oppegård.

DS Oldenburg

TILGJENGELEG: Alle med vanleg dykkarutstyr kan kome seg ned til skipet, men Oppegård oppmodar folk om å vere varsame rundt skipsvrak.

Foto: Tor Oppegård

Skipet er også i ein slik stand at du kan sjå mykje, forklarar han.

– Det byrjar sjølvsagt å falle litt saman etter over 70 år, men det ligg på sida og er godt bevart og framleis mykje detaljar att. Vi kom oss inn i lasteromma, men gjekk ikkje inn i maskinrommet på grunn av dårleg sikt, seier dykkarentusiasten.

Kan gjerast med vanleg dykkarutstyr

I tillegg til det historiske suset over dykket, trur Oppegård at tilgjengelegheita er ein annan grunn til at mange likar å dykke der.

– Det ligg så å seie i Vadheim sentrum, 150 meter frå hotellet er det ein kai som vi får låne av eigaren for ein femtilapp. Det er tilgjengeleg for alle som har vanleg dykkarutstyr. Det er best om vinteren, for om sommaren er det dårlegare sikt på grunn av algar.

Men, han åtvarar om at folk må vere varsame rundt skipsvrak.

– Ja, folk må ta forholdsreglar og passe på. Dei må ikkje rote seg inn i ting utan at dei er heilt sikre og trygge. Mellom anna plar vi leggje liner når vi går inn i rom, for å verne oss om sikta skulle bli dårleg, seier Oppegård.

Kjelde: Dykkepedia.