Fanklubben til Anders Fannemel kom heim att til bygda i 03-tida i natt. Likevel var dei alt i 10-tida i dag på plass i Grodås sentrum.
Klare til å måle opp den nye verdsrekorden gjennom hovudgata.
– Dette er noko nytt i hoppsporten
Gamletrenaren til Anders Fannemel klarte knapt å stå på beina etter rekordhoppet. Når NRK møter han og Idar Nygård er pulsen framleis høg.
– 251,5 meter. Det er over ein kvart kilometer. Det er noko nytt innan hoppsporten, seier ein noko hås Stig Seljeset.
- Les også: Sjå rekordhoppet til Fannemel
- Les også: – Dette overgår alt!
I dag kan alle som køyrer gjennom Grodås oppleve kor langt 251,5 meter faktisk er. Nygård og Seljeset har målt opp og sett opp det norske flagg i kvar ende av gata. Det er nesten så hovudgata ikkje strekker til. Så langt er rekordhoppet.
Går ikkje glipp av eit einaste hopp
Lenger inn i dalen, der fylkesveg 60 snor seg mot grensa til Møre, møter NRK Atle Tomasgard.
Etter rekordhoppet i går, var han snøgg med å spikre opp eit nytt skilt langs vegen. Han var så sikker på rekord at tala 25 alt var måla på skiltet før rennet starta i Vikersund i går. Etter hoppet til sambygdingen kunne han legge til tala 1,5.
– Det er fantastisk, eg er kjempestolt. Anders er ein tøffing, seier Tomasgard.
Han går aldri glipp av eit hopprenn, i alle fall ikkje eit der Anders Fannemel deltek.
– Det kom nokre tårer i går, vedgår Tomasgard.
Det starta i Holmenkollen
Like ved skiltet av Fannemel 251,5 er avkøyrsla til garden til Ola Rasmus Fannemel, far til Anders. Også han var i Vikersund og opplevde rekordhoppet til sonen.
Til NRK fortel han mellom anna kva Anders sa første gong han stod på toppen av Holmenkollen i 2004.
– Han gjekk ut på kanten og sa; her skal eg hoppe ein dag. Slik starta det, huskar Ola Fannemel.