– Eg kunne ikkje ha bede om så mykje meir. Vi er jo her kvar sommar og det er den beste plassen eg veit om å vera. Det å få samla alle vener og familie som aldri har vore her før, har vore heilt fantastisk.
Det fortel Jonas Buene (25), som laurdag fekk si kjære Lena (25) til kone utandørs på skuleplassen på Frønningen. Staden som for alvor blei kjend for folk over heile landet gjennom TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu i fjor haust.
– Heilt sidan 2011 så har Lena vore med meg her, og vi har vore her kvar sommar sidan. Det er så fredeleg, stille og behageleg å vere her. Det har blitt vår plass, saman med familien naturlegvis. Det er her vi trivst best, fortel ein svært glad Jonas Buene til NRK.
Sjølv er han fødd på Myking i Nordhordland, der oldefaren hans kom til frå Frønningen for snart 100 år sidan. Men i familien Buene blir røtene til bygda ved Sognefjorden aldri gløymt.
Presten kom frå Lærdal
– Eg trur ikkje eg kunne budd her fast, men det å vere her over ein liten periode kvart år følast som heilt naudsynt. Kvar gong eg kjem hit så blir eg fylt med ro og vi gløymer alle bekymringar vi måtte ha der vi bur til vanleg.
– Korleis var det å organisere eit bryllaup på ein stad som Frønningen?
– Presten var veldig hjelpsam. Han bur i Lærdal og han visste jo kvar det var og tok ferja frå Kaupanger. Men det å få alle vel 60 gjestene til å forstå kvar dei skulle var jo litt utfordrande. I tillegg måtte vi skaffe overnatting til alle, men vi fekk god hjelp frå særleg Birger Lyngset og Wilhelm Rumohr, som er godseigar.
Sjølve vigsla skjedde ute i Guds frie natur, medan festen blei halden inne i det gamle skulehuset i bygda.
– Føler oss vel
Eit par som skulle i bryllaupet hamna på feil ferje, men også dei klarte til slutt å kome seg til Frønningen – med privatskyss. Alle kom fram, og det blei ein flott fest, meiner Jonas og Lena.
– Det følast veldig fint å få til eit såpass vellukka bryllaup på ein sånn stad, og at vi ikkje er nøydde for å gjere som alle andre. Det går an å gifte seg der vi verkeleg føler oss vel, avsluttar ein lukkeleg brudgom.