NRK Meny
Normal

Bjørnejakta er over

Bjørnejakta i Jostedalen er no over etter at det ikkje er funne spor etter dyret.

Politi og jeger
Foto: MMSfoto: Synnøve Aasland / NRK

Bøndene vil avvente eventuelle nye funn før dei vil søkje om fellingsløyve på nytt. Men sjølv om dyret ikkje er funne, føler ikkje bøndene seg trygge, seier Arne Bjørk i Jostedalen sankelag.

- Dei fleste er veldig usikre på om bjørnen framleis er her, seier han.

Ingen resultat  

Etter at bjørnen hadde drepe 15 sauer i Sogn og Fjordane, flesteparten i Jostedalen, vart det i slutten av juni gitt fellingsløyve på bjørnen som har vore på streif i fylket. Men leitinga etter bjørnen har altså ikkje gitt noko resultat.

Miljøvernforbundet nøgd

Miljøvernforbundet har vore sterke motstandarar mot jakta. Dei klaga fellingsløyvet inn for miljøverndepartementet, men klagen vart avvist. Leiar Kurt Oddekalv er nøgd med at bamsen er i live.

- Eg er veldig nøgd, for vi var redde for at bjørnen var skadeskoten. Vi tykkjer det er godt at bjørnen har sloppe unna jegerane, for vi har altfor få rovdyr i Norge. Vi må ta vare på dei vi har, seier han.

Prøver til analyse 

Det er framleis uvisst kva som skjer med siktinga mot mannen som hevda han skaut mot bjørn i Jostedalen i førre veke. Politiet avventar svar frå prøvene dei har sendt inn til analyse.

Lensmann i Luster, Asle Karoliussen, seier dei skal gjennomføre nye avhøyr i saka, og at det truleg vil ta fleire dagar før dei avgjer kva som skjer vidare.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy