Han er redd for at bjørnen kan slå seg til ro i Jostedalen for godt.
Og ein bjørn som slår seg til ro i Jostedalen eller Fjærland vil ikkje styresmaktene ha noko av, difor blir fellingsløyvet no utvida. Bjørnen har ferdast her i fylket i snart to månader, og Yndesdal seier det kan tyde på at bjørnen blir verande.
Skulle bjørnen vere i live og i området etter dei komande fjorten dagane, vil Yndesdal mest truleg forlenge jakta endå meir.