I dag vart det klart at Lefdal Mine Datacenter kjøper opp 67 prosent av Greenfield Datasenter i Fet kommune utanfor Oslo.
Prosjektet til statlegeigde Entra Eigedom vart løfta fram som ein konkurrent til datasenterplanene i den gamle gruva i Lefdal. I sommar gjekk dei to prosjekta inn ein intensjonsavtale og felles målsetnad om å ha dei første serverane på plass i gruvene i løpet av 2014.
For eit ukjent beløp, har dette samarbeidet no enda i eit oppkjøp. Andersson meiner dette var viktig steg for å løfte Lefdal Gruve i ein marknad med hard konkurranse.
- LES OGSÅ:
Det er Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) storvegs nøgd med.
Trur på rask byggestart
– Oppkjøpet gjer Lefdal Mine Datacenter til Noregs i særklasse mest komplette datasenterprosjekt. Oppkjøpet styrkar etter mitt syn sjansane for rask byggestart i Lefdal Gruve, seier Bjørlo.
Gjennom oppkjøpet får kundane to lokasjonar, men held seg til ein kontrakt, støtte og serviceavtale. Medan Entra primært har fokusert på den norske marknaden, har Lefdal Gruve posisjonert seg i utlandet.
- LES OGSÅ:
– Oppbygging av eit verdsleiande datasenter i Lefdal Gruve vil vere eit av dei største industriprosjekta i Sogn og Fjordane nokon sinne. Det vil kunne bli ein enormt viktig drivar for vekst og utvikling i heile regionen med store ringverknader, seier Alfred Bjørlo.
Lettare å få dei store kundane
– Datasenteret vil få all nødvendig støtte og oppbacking frå Eid kommune i arbeidet fram mot byggestart i gruva, og eg er også glad for det ypperlege samarbeidet som er med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Innovasjon Norge i denne framtidsretta, miljøvennlige og nyskapande næringssatsinga, seier Bjørlo.
Partnerskapet med Entra styrkar prosjektet ytterligare i kampen om dei store nasjonale og internasjonale kundane.
– Det er også svært positivt at Entra sitt datasenterprosjekt utanfor Oslo no ikkje lenger er eit statleg eigd, konkurrerande prosjekt til dei private datasenterinitiativa i distrikta, men har funne sin naturlege plass som del av ein "samla pakke" for satsing på datalagring som framtidsnæring i Noreg.
- LES OGSÅ: