NRK Meny

Bioforsk kan bli lagt ned

Vestlandsbøndene kan miste ein viktig rådgjevar – etter 76 år går det nemleg mot slutten for forskingsstasjonen Bioforsk Vest i Fjaler.

Etter 76 år går det mot slutten for forskingsstasjonen Bioforsk Vest i Fjaler i Sogn og Fjordane. Styret har valt å leggje ned forsøksgarden. Dermed forsvinn forsking som er viktig for vestlandsbøndene - meinar forskarane sjølve.

SNART HISTORIE: Forskingsstasjonen i Fjaler kan snart vere historie. (Foto/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen)

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Det er styret i forskingsstasjonen Bioforsk som har valt å legge ned forsøksgarden i Fjaler og flytte all aktiviteten til Jæren og Trøndelag.

Dermed forsvinn forsking som er viktig for vestlandsbøndene meiner forskarane sjølve.

– Vi har eit jordsmonn som er rikt på organisk materiale, det held på vatnet, er vanskeleg å drenere og er utsett for jordpakking. Så dermed er det ei problemstilling som er viktig å forske på med det klimaet vi har på Vestlandet, seier forskar Synnøve Rivedal ved Bioforsk Vest.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar