Bilbrann i Florø sløkt

Brannvesenet har sløkt brannen i ein bil som stod parkert tett inntil eit hus i Revefaret i Florø, melder politiet. Fem personar i huset vart evakuerte. Det er ikkje meldt om skadde personar, opplyser operasjonssentralen i Vest politidistrikt.