Hopp til innhold

Bilberging på veg

Bussar og trailerar står bom fast på E39 i Halbrendslia fordi ein trailer med knekt aksling sperrar vegen. Mindre bilar har i nærare ein time blitt dirigert forbi staden. Bilbergar er venta å vere på staden om kort tid, og ifølgje politiet vil sjølve berginga truleg ikkje ta lang tid.