Hopp til innhold

Bilar nær tekne av ras i Årdal

– Steinar store som bilar kom rasande rett over ein bil som passerte på vegen, fortel Bjarne Alme frå Årdalstangen.

Ras på fylkesveg 53 i Årdal

EIN STEIN LIGG ATT: Det meste av raset hoppa over vegen og rett i Årdalsvatnet.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / Porten.no

Han bur i ei blokk i Vollevegen og har sikt rett mot fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal i Sogn.

– Det var litt over klokka 12 eg høyrde det ramla i fjellsida. Dei store steinane hoppa rett over, medan bilane køyrde like godt. Eg tykte det var rart. Den første steinen eg såg trudde eg fôr rett på ein bil, men han køyrde vidare.

– Så bilen køyrde berre vidare?

– Ja, han tok ikkje i bremsane ein gong. Og det kom fleire bilar i begge retningar, dei køyrde som om ingenting hadde skjedd. Men eg vart uroleg, så eg tenkte eg fekk ringe til lensmannskontoret og seie frå.

Stor trafikk

Ras på fv 53 i Årdal

KØAR: Raset gjekk midt mellom dei to køane av bilar.

Foto: Vidar Stølen

Det er stor trafikk på vegen, mellom anna av lastebilar som fraktar aluminium frå Øvre Årdal til Årdalstangen og råstoff motsett veg. Alme fortel at det var lange køar på begge sider av raset.

– Men det er fleire som har snudd og køyrt nedatt til Årdalstangen.

Berre ein del av steinane vart liggande i vegbana, resten gjekk rett i Årdalsvatnet. Klokka 13.10 var vegen rydda og opna att.

Ras Årdal