Hopp til innhold

Bil utfor vegen på E39

Ei mor og to barn til sjukehus etter ei utforkøyring på E39 i Halbrendslia på E39 i Førde.

Halbrendslia

ULUKKE: Ein bil med tre personar har køyrt utfor vegen i Halbrendslia på E39 i Førde.

Foto: NRK-tipsar

Politiet fekk melding om hendinga i 1440-tida. Det var ein vaksen og to barn i bilen, opplyser politiet på twitter.

Dei tre i bilen skal ha blitt sende til sjukehus for sjekk.

– Politiet har førebels ikkje fått melding om at nokon er skadde etter trafikkuhellet, opplyser Per Rimmen ved Operasjonssentralen til Politiet i Sogn og Fjordane.

Halbrendslia