Hopp til innhold

Bil utfor vegen i Gudvangen

Ei kvinne i 30-åra vart sendt til legevakta etter at ho køyrde av vegen ved Holmen bru i Gudvangen fredag ettermiddag.

Gudvangen

Ifølgje politiet var kvinna åleine i bilen. Alle naudetatane vart sende til staden.

– Personen verkar å vere uskadd, men vi er ikkje komne fram endå, seier operasjonsleiar for politiet, Trond Hatlenes, klokka 17.10.

Like etter klokka 17.30 opplyste politiet på Twitter at kvinna er sendt til legevakt for sjekk.