Bil utfor vegen

Ein bil har køyrt utfor vegen på riksveg 15 ved Bjørhovde i Eid. Føraren er vaken og har vore åleine. Han skal ha meldt om smerter i ryggen, og er teken til sjukehuset i Førde med luftambulanse, opplyser politiet. Trafikken kan passere på staden.