Hopp til innhold

Fire ungdomar til sjukehus etter utforkøyring

Fire ungdomar er frakta til Førde sentralsjukehus etter ei utforkøyring i Solheimsdalen torsdag kveld. Tilstanden skal ikkje vere alvorleg for nokon av dei.

Ulukke Solheimsdalen

UTFOR LIA: Fire ungdomar er frakta til sjukehus i Førde etter at dei køyrde utfor i Solheimsdalen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Naudetatane rykte litt før klokka 21 torsdag kveld ut til ei ulukke i Solheimsdalen i Førde kommune. Ein bil med fire personar hadde køyrd utfor.

Seint torsdag kveld opplyste politiet til NRK at dei fire personane har kome seg ut av bilen sjølve.

– Det som skjedde var at dei involverte i ulukka sprang ned til familiemedlemer som budde lenger nede i dalen, og fekk varsla. Alle har gått på eigne bein frå bilen, men blei køyrd til sjukehus for ein sjekk, seier politibetjent Joakim Malterud til NRK.

Det er ingen mistanke om ruspåverka køyring, men politiet vil etterforske ulukka på vanleg måte.

– Det vi kan sjå her på åstaden er at ein personbil som har køyrd utfor vegen, i bilen var det fire ungdomar. Bilen har køyrd utfor på høgre side av vegen, og havna da nede i ei lita ur på nedsida av vegen, seier Malterud.