Hopp til innhold

Sjåføren prøvde å sløkkje sjølv, men så tok flammane overhand

Brannvesenet rykte onsdag ut til ein bilbrann i Florø. Med eitt minutts køyring til staden var brannen raskt under kontroll.

Bilbrann i Florø
Foto: Eivind Nordvik Hauge / NRK

– Sjåføren prøvde først å sløkkje brannen sjølv saman med ein forbipasserande. Men brannen tok seg opp, og då ringde dei etter hjelp, seier vaktoperatør Espen Rysjedal ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Brannvesenet fekk melding om brannen på riksveg 5 ved avkøyringa til Fjord Base i Florø om lag klokka 12:15. Ikkje mange minutta seinare var dei på plass og fekk kontroll over flammane.

– Vi var raskt ute. Men så er det ikkje langt unna brannstasjon heller. Vi snakkar om lag eitt minutts køyring, seier Rysjedal.

Det skal no vere passasje for personbilar på staden. Det er førebels uvisst kvifor bilen byrje å brenne.