Hopp til innhold

Bil stolen i Aurland – like etter slo tjuvane til her

Tjuvar knuste i natt eit vindauge på Sognaporten i Aurland og stakk av med kassaapparatet. Politiet etterlyser no den stolne bilen dei trur tjuvane nytta under innbrotet.

Sognaporten

GROVT TJUVERI: Eit kassaapparat forsvann i natt frå Sognaporten i Aurland. Politiet ber om tips i saka.

Foto: Sognaporten

Politiet fekk melding om den stolne bilen klokka 23.52. Like slo tjuvar til på Sognaporten, serveringsstaden og bensinstasjonen som ligg like utanfor Aurland sentrum, ved utløpet av Lærdalstunnelen.

Politiet ser dei to hendingane i samanheng.

– Det er på bakgrunn av observasjonar og tips frå publikum, seier Inge Verøy ved operasjonssentralen i Florø.

I følgje Verøy er det ikkje dei dei store summane tjuvane har greidd å få med seg.

– Det er ikkje oppgitt noko eksakt beløp, men det er i kategorien vekslepengar, seier han.

Politiet vil no etterforske saka og ber om hjelp frå folk som kan ha sett noko. Den stolne bilen er ein grøn Subaru Justy med registreringsnummer RH60138.

– Bilen er meldt stolen og etterlyst i våre kanalar. Vi ønskjer tips oppimot observasjonar av denne bilen, seier Verøy.