Hopp til innhold

Bil stod i brann på Hemsedalsfjellet

Ein bil tok til å brenne ved Breistøl oppe på Hemsedalsfjellet på riksveg 52.

Bilbrann på Hemsedalsfjellet
Foto: NRK.no-tipsar / NRK

Ifølgje politiet skal det ikkje vere snakk om personskade.

– Vi veit at ein bil står i full fyr, elles har vi lite informasjon, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Breistøl ligg ein god halvtimes køyring frå Lærdal, omlag tusen meter over havet.

Eit augevitne fortel at brannen oppstod rett utanfor hyttevindauget og at bilen no snart er utbrent.

– Trafikken har passert greitt i begge retningar heile tida. No er politiet nettopp kome på plass og det ser ut til at dramatikken er over, seier han.

Klokka fire fortel augevitnet at brannen er sløkt, men ein politibil og ein bergingsbil er framleis på staden.

Breistøl